Hjølmadalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hjølmodalen)

Hjølmadalen er eit dalføre i Eidfjord kommune, Vestland. Dalen startar i Øvre Eidfjord og går opp til Hjølmo-gardane på vestdelen av Hardangervidda. Elva Veig renn gjennom dalen. Ovanfor Hjølmo-gardane vert dalen kalla Valursdalen.

Før det vart bygd bilveg gjennom Måbødalen, var Hjølmadalen den mest brukte vegen frå Vestlandet mot aust over Hardangervidda. Òg i dag er Hjølmadalen eitt av dei beste utgangspunkta for å gå tur på vidda. Det går bilveg frå Øvre Eidfjord gjennom dalen og heilt opp på Hjølmaberget. Herifrå kan ein gå innover vidda. Dei næraste turisthyttene er Vivelid, Hedlo og Hadlaskard.

I Hjølmadalen finn ein òg Valursfossen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]