Hjørundfjordstranda


Hjørundfjordstranda har i seinare år vore nemninga for den om lag 15 km lange strekninga mellom Store-Standal og Brattheim, på vestsida av den ytre delen av Hjørundfjorden i Ørsta kommune.
Vegsamband
[endre | endre wikiteksten]Fylkesveg 5912 går langs Hjørundfjordstranda, mellom Festøya og Store-Standal. Vegen er 15,7 km lang. Hjørundfjordstranda har såleis vegsamband i Festøya med . Vegen vart opna for trafikk 28. mai 1966.[1] Vegen er svært rasutsett, men har etter kvart fått fonnvern på dei fleste farlege punkta.
Fylkesveg 5912 held fram vidare med ferje frå Store-Standal til Trandal, Sæbø og Lekneset.
Det er kommunal veg frå Store-Standal over Standaleidet til Fv55 i Kolåsen (9,5 km) i Follestaddalen.
Matrikkelgardane
[endre | endre wikiteksten]Rekna frå sør og mot utlaupet av fjorden omfattar Hjørundfjordstranda matrikkelgardane Store-Standal, Stavset, Ytre-Standal, Ytsteneset, Årsneset, Ytre-Årsneset, Klubbeneset, Saltre, Indre-Øyra, Ytre-Øyra, Skarbøen og Brattheim.
Før vart gjerne heile ytre del av Hjørundfjorden kalla for Strendene, og då vart også gardane på austsida rekna med: Strandabøen, Molaupen, og bygda Trandal med gardane Nes, Trandal og Rynningen.
Det har også vore vanleg å kalle strekninga frå og med Årsnes til og med Brattheim for Stranda.
Grunnkrinsar og folketal
[endre | endre wikiteksten]Hjørundfjordstranda består av to grunnkrinsar. I følgje SSB hadde Store-Standal 30 innbyggjarar, og Ytre-Standal/Brattheim 23 innbyggjarar pr. 1. januar 2009.
Fjell
[endre | endre wikiteksten]Langs heile Hjørundfjordstranda går fjella rett opp frå fjorden, og her er ei rekkje flotte toppar. Nokre av desse, rekna frå innlaupet til fjorden og sørover: Festøykollen (911 m), Jønshornet (1419 m), Ytstenestinden (1180 m), Longenestinden (1206 m), Storhornet (1310 m).
-
Festøykollen sett frå Storfjorden
-
Jønshornet
-
Longenestinden sett frå Molladalskaret
-
Storhornet ved Store-Standal. Sylvkallen har lokalt vore namnet på den vesle toppen under toppbreen
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Johannes Festøy:Ferjetrafikken over Festøy. Minne frå Vartdalsstrand Årsskrift 2008