Hjalmar Falk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjalmar Falk
Hjalmar Falk.jpg
Fødd 2. april 1859
Vang
Død

2. november 1928
Oslo

Hjalmar Falk på Commons

Hjalmar Sejersted Falk (2. april 18592. november 1928) var ein norsk språkforskar frå Vang i Hedmark.

Han vart student 1876 og tok språkleg-historisk lærareksamen 1882. Sidan var han i fleire år lærar i Kristiania, men heldt ved sida fram med vitskaplege studie, særleg av germanske språk og nordisk mytologi, til dels under stipendopphald i Tyskland og England. I 1888 tok han den filosofiske doktorgraden på avhandlingan «Om nomina agentis i det oldnorske Sprog», han vart universitetsstipendiat i 1890, dosent i 1895 og professor i germansk filologi ved Universitetet i Kristiania i 1897. Som universitetslærar, særleg som lærar i tysk, arbeidde han for ei meir praktisk og moderne språkundervisning. Han offentleggjorde ei rad arbeid av språkvitskapleg, filologisk og kulturhistorisk art, for det meste i «Nordisk Arkiv for Filologi» og i skrift utgjevne ved Videnskabsselskabet i Kristiania. Saman med Alf Torp utgav han Etymologisk Ordbog over det norske og det danske Sprog (190106). Han var leiar i komitéen som utarbeidde rettskrivinga av 1917.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Vanskabninger i det norske Sprog (1893)
  • Sprogets visne Blomster (1894)
  • Kulturminder i Ord (1900)

Artiklar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen byggjer på ei omsetjing frå bokmålswikipediaen, som oppgjev som kjelde