Hjalmar Gullberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hjalmar Gullberg, (30. mai 189819. juli 1961) [1] var ein svensk forfattar og poet. Han var sjef for det svenske Radioteatern 1936-1950 og medlem av av Svenska Akademien 1940-1961.

Gullberg var fødd utanfor ekteskap og voks opp hjå fosterforeldre. Han studerte latin, gresk og litteraturhistorie ved Universitetet i Lund.

Gullberg var redaktør, filosofie hedersdoktor og oversetter av greske drama, franske 1600-tals og spanskspråkleg lyrikk. I 1930-åra fekk han gjennombrot som poet både hjå kritikarane og publikum; hans dikt sameinte det kvardagslege og ofte ironiske med emne som høyrde heime innom den tradisjonelle lyrikken: kjærleik, åndlegheit, fridom og sorg. Under andre verdskrigen vart han ein av Sveriges mest lesne og elska poetar, og gjorde samtidig mykje for å presentere lyrikk og teater via radio. Gullberg var ei drivande kraft bak "Dagens dikt", valde ofte sjølv ut kva som skulle lesast. Han valde til dømes Det eviga av Tegnérs den 9. april 1940, nokre timar etter meldinga om den tyske invasjonen i Danmark og Noreg.

Gullberg leid mot slutet av sitt liv av ein muskelsjukdom som gjorde at han ein periode var tvungen å leve i respirator. Etter ei slik behandling ville han ikkje atter oppleve det. Han tok sitt eige liv gjennom å drukna seg i sjeøen Yddingen i Holmeja. [2]

Gullberg er gravlagd på St. Pauli kyrkjegard i Malmö.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • I en främmande stad, (1927)
  • Sonat, (1929)
  • Andliga övningar, (1932)
  • Kärlek i tjugonde seklet, (1933)
  • Ensamstående bildad herre. Tragikomisk vers. (1935)
  • Att övervinna världen, (1937)
  • 100 dikter; ett urval ur sex versböcker, (1939)
  • Röster från Skansen, (1941)
  • Fem kornbröd och två fiskar, (1942; innehåller Död amazon)
  • Hymn till ett evakuerat Nationalmuseum, (1942)
  • Den heliga natten, (1951)
  • Dödsmask och lustgård, (1952)
  • Terziner i okonstens tid, (1958)
  • Ögon, läppar, (1959)
  • 50 dikter; ett urval ur tre versböcker med inledning av Carl Fehrman, (1961)
  • En anständig och ömklig comoedia. Skådespel i tre akter av Hjalmar Gullberg och Olle Holmberg, utg. (1984)
  • Kärleksdikter. Första uppl. med denna titel, (1967)
  • Dikter. Med efterord av Anders Palm, (1985)
  • Legend

Litteratur om Hjalmar Gullberg, utval[endre | endre wikiteksten]


Tonesetting av Hjalmar Gullbergs lyrikk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Ging Kutschbach: - "Kyssande vind"
  • Lars-Erik Larsson: "Förklädd gud"
  • Lennart Moberg: "Jag bor vid ett rastställe - Hjalmar Gullbergs landskap i dikt, bild och ton" (bok + cd). Discantus, 1998.
  • Lennart Moberg: "Där Skönheten har sitt hem - Kantat till Nationalmuseum" (bok + cd). Discantus, 2000.
  • Lennart Moberg: "Han kom som en vind - Hjalmar Gullbergs kärleksdikt i ton" (bok + cd). Discantus, 2002.
  • Hilding Rosenberg: "Den heliga natten", "Hymn till ett evakuerat Nationalmuseum" m.fl.
  • Fleire dikt er vorte tonsette av Ingvar Lidholm, Gösta Nystroem, Gunnar Turesson m.fl.
  • Staffan Björklund: "20 sånger"

Priser och utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Svenska Akademiens stora pris 1939
  • Bellmanpriset 1948
  • Litteraturfrämjandets stora pris 1960

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Händelser man minns - en krönika 1920-1969, fil dr Harald Schiller 1970

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hjalmar Gullberg Nationalencyklopedin, webbupplagan
  2. Stefan Ersgård Grevinnan & Författaren Arbetet 1998-05-24 [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Hjalmar Gullberg i Libris

Spire Denne litteraturartikkelen som har med Sverige å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.