Hjalmar Johnssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjalmar Johnssen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. juni 1852
Stavanger kommune
Død

28. november 1901 (49 år)
Haugesund kommune

Yrke kunstmålar
Hjalmar Johnssen på Commons

Hjalmar Johnssen (25. juni 185228. november 1901) var ein norsk målar og illustratør.[1]

Johnssen var son av hamnefogd Konrad Johnssen og Margrethe Petrea Blankenborg Prydtz Bang, og bror av forfattaren Peter Rosenkrantz Johnsen. Han var fødd i Stavanger og voks opp i Bergen. Etter å ha fullført latinskulen drog han til sjøs, og blei etterkvart styrmann. I 1875 gjekk han i land og slo seg ned i Christiania, der han var tilsett hjå ein skipsmeklar. Han hadde tileigna seg ein del kunstkunnskapar, og prøvde å livnæra seg som kunstnar frå 1879. Vinteren 1880 var han elev hjå Johan Jacob Bennetter i Stavanger. Han hadde planlagd å studera hjå marinemålaren Vilhelm Melbye i København, men denne døydde før han kunne gjera det. I staden fekk han ein kort studietur til Paris og nokre månader som elev hjå Frits Thaulow i Kragerø i 1882. Johnssen bidrog til å undermåla fleire av verka til Thaulow, som berømte gatepartiet frå Bjørnborgbakken med ungar på kjelke. Sjølv måla han landskapsmåleri og eit portrett av Frits Thaulow under opphaldet. I seinare år var han fleire somrar ved Fredriksvern (Stavern) og i Skudeneshavn på Karmøy. Hjalmar Johnssen måla ei rekkje motiv frå skip, hamner og skjergarden. Han verka også som illustratør, mellom anna i Folkebladet.[1]

I 1890-åra var han formann i Bildende kunstneres fagforening.[1]

Han var gift med Lydia Eugenie Olsen (f. 1848).[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Hagemann, Sonja; Sørensen, Einar; Thue, Oscar (20. februar 2017). «Hjalmar Johnssen». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål).