Hjalmar Løberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjalmar Løberg
Fødd16. desember 1830
Vikedal
Død5. februar 1906 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
FarOle Løberg
Alle verv

Hjalmar Andreas Georg Johannes Løberg (16. desember 18305. februar 1906) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Vikedal i Ryfylke. Ole Løberg var far hans.

Løberg var berre 17 år gammal då han i 1848 vart gardbrukar på Solheim i Årstad i Hordaland, i dag i Bergen by. Han var medlem av heradsstyret og ordførar i Årstad i fleire år, også forlikskommissær.

Løberg hadde fast sete for Søndre Bergenhus amtStortinget i perioden 1868 til -82. Perioden 1883-85 var han 1. varamann og møtte heile 1883-sesjonen for Nils Juel, og tida 2. juli 1884 til 13. april 1885 i staden for Baard Haugland som hadde vorte statsråd. Mest heile tida frå 1868 til -83 var han medlem av næringskomite nr 1, perioden 1877-79 var det berre ein næringskomite, han var med i denne òg. Medlem av valkomiteen frå 1874 og alle seinare tingsamlingar han var med på. Elles med i røysterettskomiteen 1877-79 og skattekomiteen 1882. Både i 1883 og 1885 var han medlem av Lagtinget.

Løberg vart tiltala for «majestætsforbrydelse» for ein artikkel han skreiv i avisa «Hardanger» i 1877, i samband med at Johannes Johannesson Aga fekk ein medalje for sitt arbeid som landbrukar. Han vart då dømt til fengselstraff.

Han døydde på garden sin i Årstad i 1906.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]