Hjartdal stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døypefont frå Hjartdal, no i Norsk Folkemuseum
Foto: Norsk Folkemuseum

Hjartdal stavkyrkje eller Holmskyrkja vart riven då dagens Hjartdal kyrkje vart oppført. Medan dagens kyrkje står på nordsida av Holmsvegen, stod stavkyrkja på eit nes ved Hjartdøla på sørsida, der kyrkjegarden ligg. Båe delar er på grunn frå garden Holm (gnr. 12), der det stod ein prestegard fram til 1860.

Ein trur at stavkyrkja vart oppført på 1200-tallet,[1] men eldste kjende omtale er frå 1413 eller 1414.[2] Omtalen gjeld presten, som òg er omtala som prest i Hjartdal 14. juni 1422[3] og 15. januar 1423.[4] Eit forhøyr på kirkegarden etter eit drap er skildra 12. januar 1424[5]. Kyrkjesoknet er elles nemnt i 1477[6] og kyrkja ei rekkje gonger, t.d. i 1485[7], 1493[8], 1499[9], 1507[10], 1520[11], 1522[12], 1536[13], 1547[14] og 1555[15]. Jens Nilssøn omtalar i si visitasbok[16] «hoffuit kircken vdj Hiertdall som kallis Holms kircke oc er en trækircke, der er smucke stoler oc predickestoll och nyt lofft nedre vdj kirkcen». Dette forklarar Lorentz Dietrichson[17] som at ein på den tida hadde lagd himling under takstolane i skipet, medan koret derimot vart anteke å framleis ha open himling. Dietrichson siterer vidare frå ein synfaringsrapport frå 1668 som seier at kyrkja var «af Stolper och Planker opbygt med tjuffue Skruv omkring samt Svaller thrindtomkring, alle tækt med Spaan ligesom Taget». Dei tjue skruvane (gavlane) vert tekne til inntekt for at kyrkja var treskipa.

Omstenda omkring rivinga synest å vere ukjende, men det skjedde etter alle solemerke omkring den tida då dagens kyrkje vart oppført i 1808–09. Den eine klokka i dagens kyrkje skal vere frå 1450,[18] og ein døypefont frå Hjartdal er i Norsk Folkemuseum. Elles synest lite å vere bevart av gjenstandar frå stavkyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anne Haugen Wagn (1992). «Kva Hjartdal mista». Bygningsarv i Hjartdal. Hjartdal kommune. s. 19. 
  2. Diplomatarium Norvegicum XI:128
  3. Diplomatarium Norvegicum XI:138
  4. Diplomatarium Norvegicum XI:139
  5. Diplomatarium Norvegicum I:692
  6. Diplomatarium Norvegicum III:919
  7. Diplomatarium Norvegicum XI:252
  8. Diplomatarium Norvegicum XI:267
  9. Diplomatarium Norvegicum XI:273
  10. Diplomatarium Norvegicum XI:285
  11. Diplomatarium Norvegicum XI:306
  12. Diplomatarium Norvegicum I:1074
  13. Diplomatarium Norvegicum XI:631
  14. Diplomatarium Norvegicum XI:672
  15. Diplomatarium Norvegicum XI:690
  16. Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 395. 
  17. Dietrichson, s. 490.
  18. Alf Henry Rasmussen (1993). «Hjartdal kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 491. ISBN 82-75-27022-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]