Hjarteattakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hjarteinfarkt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjarteattakk etter blodpropp

Hjarteattakk eller hjarteinfarkt (lat. infarctus cordis) er ein sjukdomstilstand som oppstår når ein får ei forstyrring på blodforsyninga til delar av hjartet, oftast frå ein blodpropp. Dette fører til oksygenmangel og kan skada hjartet.

Eit hjarteattakk fører vanlegvis til sterke smerter i brystet, særleg for menn. Hjarteattakk er ein særs alvorleg tilstand som utviklar seg raskt. Over 90 % overlever eit akutt hjarteattakk. Om pasienten kjem seg på sjukehus raskt, har han gode sjansar til å overleva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]