Hjelmeland Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjelmeland Idrettslag
Fil:Hjelmeland Idrettslag sitt klubbemblem.png
Fullt namn Hjelmeland Idrettslag
Grunnlagd 1910
Heimebane Hjelmeland idrettsanlegg
Styreleiar Nils Viga
Hovudtrenar Marcin Wodka
Liga 6. divisjon, avdeling 2
Heimedrakt
Bortedrakt

Hjelmeland Idrettslag (stifta 1910) er eit idrettslag frå Hjelmeland i Ryfylke. Idrettslaget er ein fusjon av Idrettslaget Hjelm og Fister Idrettslag, og er det eldste idrettslaget i Ryfylke.

Aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Idrettslaget er delt inn i dei fire aktivitetsgruppene ski, handball, fotball og trim. Draktene til fotballaga, handballaga og skiløparane er kvit trøye/topp og svart shorts/bukse. Hjelmeland IL speler heimekampane på Hjelmeland idrettsanlegg.

I 2005 fekk IL Hjelm overta sjettedivisjonsplassen til Årdal IL sitt A-lag i fotball, og før den tid spelte IL Hjelm sine seniorfotballspelarar på Årdal IL. Tilsvarande samarbeid mellom laga har det vore fleire gonger opp gjennom åra, men det var først frå 2006 at Fister IL og IL Hjelm slo seg saman til eit felles idrettslag.

Idrettsanlegg[endre | endre wikiteksten]

Idrettslaget både leiger og eig grunnen til Fister idrettsplass, med Fister Klubbhus. Elles er Hjelmeland Idrettslag flittige brukarar av dei kommunale anlegga Bjødnabu ski- og friluftsanlegg, Hjelmelandshallen og Hjelmeland idrettsanlegg.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Hjelmeland Turn- og Idrettsforening vart stifta 4. april 1910 av Kristoffer Brakstad, Halftan Halvorsen, Ole Halvorsen, Bertel Haugsland og Johan Haugsland. Kristoffer Brakstad var drivkraft og primus motor heilt frå starten, og sat som leiar fram til 1923. Føremålet med laget var i starten å fremja og driva friidrett og turn. Trampoline og bukk vart snikra, og turnøvinga – med linegymnastikk og oppmjuking etter tysk metode – fann stad på ei slette ved den gamle skytebana bak Hjelmen. Den første turnoppvisninga var i ungdomshuset i 1912. Turnarane var kledde i kvite drakter med raudt belteskjerf, og utøvarane var for det meste folk frå eller nær Hjelmelandsvågen.

Interessa for fotball vakna først i 1918, og har frå den gongen vore hovudaktivitet. Det var fin øvingsbane for fotballspelarane på ekrene på Fevoll, eit stykke aust for Hjelmelandsvågen. Laget fekk derimot ikkje eigen bane før i 1947, då fotballbanen på Flåtene stod ferdig 37 år etter laget vart stifta.

Eit par år etter fotballinteressa vart vekt, starta laget også med femkamp (diskos, lengde, kulestøyt, spydkast og løp), og vinteridrett er nemnd i protokollane for 1958. Handballinteressa voks fram frå 1967, men aktivitetsnivået der har vore noko vekslande. Laget skipa også til dametrim, herretrim, volteyballturnering, skeiserenn med meir.

I desember 1945 godkjende Noregs Idrettsforbund at laget kunne skifta namn frå Hjelmeland Turn og Idrettsforening til Idrettslaget Hjelm. Det vart også vedteke å endra fargen på draktene, frå svarte til kvite bukser. Trøyene skulle vera som før.

Frå og med 2006 slo IL Hjelm seg saman med Fister Idrettslag og danna Hjelmeland Idrettslag. I dag speler fotballspelarane med kvite trøyer og svarte bukser.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisiell nettstad: http://www.hjelmelandil.no

Hetland, Morten. (2012). Hjelmeland Idrettslag: Sport og idrettsglede i hundre år. Hjelmeland: Hetland Media.