Hjelmeland bygdemuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hjelmeland bygdemuseum er eit lokalmuseum i Hjelmeland kommune i Ryfylke. Det er ei avdeling under Ryfylkemuseet. Sidan hausten 2007 har det halde til i Vågahuset i Hjelmelandsvågen, med inngang gjennom Hjelmeland bibliotek.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Hjelmeland bygdemuseum vart oppretta i 1975. Det lokale museumslaget Makkamjølsklubben stod for mykje innsamling, konservering og katalogføring av materiale. Etter ein avtale i 2006 blei gjenstandssamlinga i Hjelmeland bygdemuseum overført til Ryfylkemuseet.

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Bygdemuseet har tre temautstillingar: Skomakarverkstaden, Eldhuset og Husmannsstova. Eldhuset viser ei rekkje gjenstandar som vart nytta i samband med matlaging. I skomakarverkstaden har ein prøvd å gjenskapa eit skomakarmiljø frå Hjelmeland. I ein periode hadde Hjelmeland heile 9 skomakarar. Husmannstova er også ei rekonstruksjon av svunnen tid. Hjelmeland var ei husmannsbygd og skal også ha fostra Noregs siste husmann, Aanen Holmen, som var husmann på Haugen under Fundingsland heilt til han døyde i 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]