Hjelmelandsfjorden
Utsjånad
| Hjelmelandsfjorden | |||
| fjord | |||
MF Hjelmeland på Hjelmelandsfjorden | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Rogaland | ||
| Kommunar | Stavanger, Hjelmeland | ||
![]() Hjelmelandsfjorden 59°14′41″N 6°08′46″E / 59.244819°N 6.146164°E | |||
Hjelmelandsfjorden er ein liten fjordarm av Boknafjorden i Hjelmeland kommune i Rogaland. Fjorden ligg nord for Hjelmelandsvågen og grensar til Gardssundfjorden i vest, Ombofjorden i nord og Jøsenfjorden i aust. Hjelmelandsfjorden kan reknast som eit framhald av både Ombofjorden og Gardssundsfjorden. Frå vest til aust måler fjorden 4 km, medan han strekkjer seg 5 km frå Ombofjorden i nord og sørvestover til nordaustsida av Randøy.
Ved Randøy held Ølesundet fram sørvestover til Fisterfjorden på andre sida.
Ferja MF Hjelmeland kryssar Hjelmelandsfjorden i eit trekantsamband. Frå Sande går det ferje nordaustover til Nesvik på Jøsneset og nordvestover til Skipavik på Ombo. Ferja går også mellom Nesvik og Skipavik.
