Hjelp:Utforsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nedanfor finn du eit kort samandrag av nokre enkle metodar som du kan bruke for å verte betre kjend med brukargrensesnittet til Wikipedia. For meir utførleg hjelp, sjå den respektive lenkja for den omtalte funksjonen.

Søke etter artiklar[endre | endre wikiteksten]

I margen til venstre, omtrent i midten, finn du eit søkefelt som leitar blant alle artiklane som er på Nynorsk Wikipedia. Her kan du skrive inn namn på noko som interesserer deg, eller som du vite meir om. For meir hjelp om søkefunksjonen hjelp om søkefunksjonen.

Følg lenkjene frå ein artikkel til ei anna[endre | endre wikiteksten]

Alle ord som er skrive i blått er lenkjer til andre artiklar som handlar om det emnet, trykk på ei slik lenkje og du får etter ei stund (avhengig blant anna av hastigheita på Internettilgongen din) vite meir om det ordet du nettopp trykte på. Ord i raudt er artiklar som ikkje er skrivne enno. Om du vil, er du velkommen til sjølv å fylla ut det du veit om dette emnet.

Siste endringar[endre | endre wikiteksten]

Her kan du finne ut kva andre wikipediabrukarar (wikipedantar) har skrive om i det siste. Les meir under Hjelp:Siste endringar.

Overvakingsliste[endre | endre wikiteksten]

Er du registrert brukar på Wikipedia, har du blant anna, fått ei ei overvakingsliste i høgre hjørne av skjermen. Når du gjer endringar i ein artikkel kan du krysse av for å putte artikkelen på overvakingslista di. Då kan du halde eit tett auga til dei siste endringane som er gjort på dei forskjellige artiklane, utan å måtte besøkje dei kvar gong. Dette verkar også på artiklar som ikkje er skrive enno.

Hente fram ei tilfeldig side[endre | endre wikiteksten]

For å få web-tenaren til å hente fram ein heilt tilfeldig artikkel, kan du trykkje på lenkja «tilfeldig side» som du finn i venstremargen.