Hjelp:Visa bilete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Framgangsmåten for å lasta opp bilete og andre filer er skildra på Wikipedia:Korleis lasta opp filer.

Om eit bilete ligg på Nynorsk Wikipedia eller Wikimedia Commons set du det inn i ein artikkel på same måte, ved å skriva [[Fil:Bildenamn.jpg|mini]], der Bildenamn.jpg er erstatta med det namnet som passar. Visinga av dette biletet kan du så endra på ulike vis.

Kommandoen «mini» gjer at biletet automatisk blir vist fram i lita utgåve og plassert til høgre. Som regel er dette slik vi vil ha det på Wikipedia, men begge kan endrast om det krevst.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Som regel vil me ha eit bilete til høgre eller venstre som teksten flyt rundt. For å få til dette skriv du |venstre| eller |høgre| ein stad etter filnamnet og før slutten på klammene.

Du kan lett gjera eit stort bilete mindre ved å skriva til dømes |200px| ein stad etter filnamnet. Dei som les artikkelen kan så klikka på biletet for å sjå ei større utgåve.

Prøv deg fram med førehandsvising for å finna den rette storleiken. Kommandoen |mini| vil gjera biletet tommestort automatisk, og vil òg flytta det til høgre dersom du ikkje sjølv seier |venstre|.

Julaften av Carl Larsson

Den beste måten å setja inn tekst som følgjer med biletet er ved å bruka |mini| og deretter skriva inn teksten rett før klammene. Døme: [[Fil:Julaftonen av Carl Larsson 1904.jpg|mini|Julaften av Carl Larsson]]

Dette vil sjå ut slik som biletet til høgre:


Bilete i kategoriar[endre | endre wikiteksten]

Bilete kan også visast i kategoriar. Finn du eit bilde på Commons som fortener å visast i ein lokal kategori her på Nynorsk Wikipedia, så kopier berre «image:[filnamn.jpg]» (set inn filnamnet som passar), lim det inn i søkjefeltet her på nnwp og trykk på «Enter». Da kjem du til ei side som viser bildet, men utan lokal tekst når du klikkar på «Endre». Skriv inn kategorinamn på vanleg måte, lagre, — og da er det gjort.