Hjelpdiskusjon:Byrja ei ny side

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

... deaktivert på grunn av for stort press ...[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 13:56 (UTC)
Eg vil lage ny artikkel, skriv inn eit nytt namn og får det triste svaret

Søkjefunksjonen på Wikipedia er deaktivert på grunn av
for stort press på tenarane akkurat no.

Er det ein bakveg så eg likevel kan lage ein ny artikkel? Trondtr 29. august 2005 kl. 04:35 (UTC).

Ja, du kan skrive t.d. http://nn.wikipedia.org/wiki/Lulesamisk_husflid direkte i adressefeltet. -- Olve 29. august 2005 kl. 05:54 (UTC)
"Wikimåten" er eigentleg å laga ein peikar til den ikkje-eksisterande sida på ei allereie eksisterande side, klikke på den raude peikaren og skrive artikkelen (prøv Skoltesamisk politikk). Slik vil det alltid vera sider som peikar til dei nye artiklane og ein får ikkje "foreldrelause artiklar" :-) --Guttorm 29. august 2005 kl. 07:12 (UTC)

Problem med å lage nye sider[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 13:56 (UTC)
Hei !

Forsøker å bruke vis/søk for å kunne lage nye sider i Wikipedia, men får ein merkeleg feilmelding som viser noko kode etc. Dette kom både igår og idag. I

dag skreiv eg t.d. tittelen på ein ikkje-eksisterande artikkel: Gorgon Vaktmester. Då skulle eg vanlegvis fått tilbod om å opprette denne, men nei... RoarH 29. august 2005 kl. 14:42 (UTC)

Å tilkalle Gorgon vaktmester er ikkje å tilrå. Alt eg har sett og høyrt av han har enda i angståtak. Den mellombels løysinga er skissert i bolken over, men det bør nok ein skikkeleg reparatør til for å få skikk på den sida. Ho var kaputt på sv: og no: også i sist veke, men no verkar det der. --Jorunn 29. august 2005 kl. 15:47 (UTC)
Øhøhøh—emmm... repareEEEEre, subtraheeEEEEEEre, kalibreeeEEEEEEEre... -- Gorgon vaktmester 29. august 2005 kl. 18:29 (UTC)

Tek det tid før ei ny side vert registrert?[endre wikiteksten]

Eg har laga ein mal over brasilianske kommuner (Mal:infoboks_brasiliansk_kommune), men den fungerer ikkje og kjem ikkje opp når eg søker. Kva er grunnen til dette?