Hjelpeverb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit hjelpeverb er eit verb som ikkje opptrer aleine i setninga, og som ikkje har sjølvstendig grammatisk innhald, men som modifiserer eit leksikalsk verb. Ein skil mellom modale, temporale og passivdannande hjelpeverb.

Syntaktiske særdrag[endre | endre wikiteksten]

Hjelpeverb skil seg syntaktisk frå andre verb. I dei fleste norske dialektar tar hjelpeverb infinitivar som komplement utan infinitivsmerke, t.d. Eg kan sykle, jf. Eg prøver å sykle. Til skilnad frå andre verb kan hjelpeverb ikkje erstattast med proverbet gjere:

  • Syklar du? -- Ja, eg gjer det.
  • Kan du sykle? -- Ja, eg kan det. / *Ja, eg gjer det.

Morfologiske særdrag[endre | endre wikiteksten]

Hjelpeverba er definert som ei gruppe med syntaktiske kriterium, men dei skil seg ofte frå andre verb også morfologisk. I engelsk manglar t.d. hjelpeverba formativen -s i 3. person singularis (I can).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.