Hjeltnes vidaregåande skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjeltnes vidaregåande skule
Foto: Adeline Landro

Hjeltnes vidaregåande skule er ein vidaregåande skule som ligg i turist- og hagebruksbygda Ulvik i Hardanger. Dette er den einaste gartnarskulen på Vestlandet. Skulen blei grunnlagt i 1901, og heitte då Fruktdyrkingskulen på Hjeltnes. Frå 1. november 1994 fekk skulen namnet Hjeltnes gartnarskule, og frå hausten 2010 endra skulen namn til Hjeltnes vidaregåande skule.

Skulen ligg ca to og en halv times køyreretur frå Bergen. For elevar som kjem langvegs frå, kan skulen tilby internat og servering av fire måltid på kvardagene.

Skulen har ein kapasitet på om lag 60 elevar innan forskjellige programfag. Desse er naturbasert reiseliv, blomsterdekoratør, anleggsgartnar, idrettsanleggsfag og gartnar. I tillegg har skulen oppretta eit fagskuletilbod innan arborist (trepleie) som vil starta opp hausten 2010. Gartnarutdanninga har både heltidstilbod og deltidstilbod.

Om programfaga[endre | endre wikiteksten]

Naturbasert reiseliv er ei treårig utdanning som kombinerer yrkesutdanning og studiekompetanse. Etter utdanning kan ein til dømes jobba som naturguide, aktivitetsutviklar for reiselivsbedrift eller ein kan starta eiga bedrift som tilbyr naturbaserte opplevingar. Reiselivsnæringa etterspør slik utdanning og ynskjer å ta imot elevar til utplassering i bedrift.

Blomsterdekoratør – ein blomsterdekoratør arbeider med levande og tørka plantemateriale til ulike formål. Oppgåver som å laga bukettar, kransar, brudebinderi, samanplantningar, pynting av ting og rom, dekorering av scener, vindauge og bordpynting er ein del av kvardagen til ein blomsterdekoratør. Ein bør vera kreativ, like å arbeide med planter, ha estetisk sans og vera serviceinnstilt.

Anleggsgartnar- og idrettsanleggsfag – ein anleggsgartner byggjer og vedlikeheld grøntanlegg som til dømes parkar, friluftsområde, miljøgater, gatetun, hagar og kyrkjegardar. Faget er svært allsidig og har tilknyting til gartnarfaget og bygg- og anleggsfag. Ein bør lika å arbeida ute med plantar, stein og maskiner. Ein driftsoperatør i idrettsanlegg skal kunna forvalta, driva og vedlikehalda ulike typar idrettsanlegg.

Gartnar – ein gartnar arbeider med produksjon, sal og vedlikehald av planter, både utandørs og i veksthus. Det er ein stor marknad for gartnar innan hagedesign, plantedesign, plantebruk, vedlikehald og rettleiing til kundar i hagesenter eller i eiga bedrift. Ein gartnar kan òg knyta faget mot naturbasert reiseliv. Etter ei praktisk gartnarutdanning kan ein ta eit fjerde påbyggingsår og få studiekompetanse.

Avdelingane til skulen[endre | endre wikiteksten]

Hjeltnes vidaregåande skule har sju ulike avdelingar der elevane får praktisk undervisning. Dei sju avdelingane er som fylgjer:

  • Avdeling for frukt og bær
  • Grønsaksavdeling
  • Parkavdelinga
  • Planteskulen
  • Skogplanteskulen
  • Veksthusavdelinga
  • Verkstadsavdelinga

Desse avdelingane gjev elevane høve til å få praktisk undervisning, i tillegg til utplassering i verksemder som ein del av utdanninga.

Den praktiske undervisninga går mykje føre seg ute, medan den teoretiske delen av utdanningane og noko praktisk undervisning blir gjeve i skulen sitt undervisningsbygg som vart ferdigstilt i 1999. Undervisningsbygget rommar og kjøkken og kantine.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Hjeltnes gartnarskule blei etablert 1. mars 1901, og vart kalla Fruktdyrkingsskulen på Hjeltnes. Den gong var det fruktdyrking som stod i høgsetet ved skulen, og skulen var ei føregangsverksemd på dette området. Men skulen var også ei føregangsverksemd når det gjaldt likestilling mellom kvinnelege og mannlege ungdomar. Skulen har gjennom sine 108 år skifta frå å vera privat, til statleg, og til slutt fylkeskommunal. Det var i 1990 at skulen blei lagd om til vidaregåande skule, men den fylkeskommunale overtakinga vart ikkje gjennomført før 1. november 1994. Sidan 1988 har Hjeltnes gartnarskule utdanna anleggsgartnarar, og i 1995 oppretta skulen blomsterdekoratørlina. Desse to utdanningane har vore dei som dei siste åra har tiltrekt seg flest elevar til skulen. I 2008 blei endå ei ny utdanning etablert på skulen, og denne gongen med studiespesialisering. Denne lina heiter Naturbasert reiseliv, og blei oppretta som eit svar på trong for kompetanse innan opplevingsturisme rundt om i fjordnoreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]