Hjemmenes Vel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hjemmenes Vel var namn på dei første husmorlaga som vart stifta i Noreg. Oslo Hjemmenes Vel, som vart stifta 1898 av Dorothea Christensen, var Europas eldste husmorlag då laget vart avvikla sist på 1970-talet.[1] I 1899 vart Hjemmenes Vel også starta i Bergen, og sidan vart organisasjonen etablert fleire stader rundt om i landet.

I 1915 gjekk fleire lag saman i Hjemmenes Vel Landsforbund, under leiing av Marie Michelet. Organisasjonen skifta i 1999 namn til Norges Kvinne- og familieforbund.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]