Hjerkinn flyplass
Utsjånad
| Hjerkinn flyplass | |||
| Rullebana på Hjerkinn flyplass sett mot aust | |||
| Stad | Dovre kommune | ||
|---|---|---|---|
| Høgd | 850 meter | ||
| Koordinatar | 62°11′43.46″N 9°38′15.09″E | ||
![]() Hjerkinn flyplass 62°11′43″N 9°38′15″E / 62.195406°N 9.637524°E | |||
Hjerkinn flyplass er ein liten flyplass som ligg i Folldal kommune i Innlandet fylke. Flyplassen ligg på sørsida av fylkesveg 29, om lag fem kilometer frå Hjerkinn i retning Folldal. Flyplassen vert også kalla Hjerkinnsholen etter haugen Hjerkinnsholen, som ligg på nordsida av riksvegen.
Flyplassen vart laga til av Forsvaret på slutten av 1960- eller byrjinga av 1970-talet, då dei var aktive på Hjerkinn skytefelt.
Rullebana har grasdekke. Utanom ein liten parkeringsplass og ein grusveg som leiar frå flyplassen til fylkesveg 29 er det ingen tenester tilgjengelege.

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hjerkinn flyplass» frå Wikipedia på bokmål, den 9. august 2025.
