Hjertøya
Hjertøya er ei øy i Molde kommune, ti minutt sør for Molde sentrum.
Øya er smal og om lag 3 km lang. Arealet er 0,42 km². Hjertøya er eit mykje brukt friluftsområde, og det går rutebåt frå Molde i juni, juli og august. På Hjertøya ligg Fiskerimuseet, som er ein del av Romsdalsmuseet. Den tyske biletkunstnaren Kurt Schwitters budde ei tid på øya.