Hjortevegen i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjortevegen i Fana

Hjortevegen er ein veg i Fana i Bergen som går frå krysset mellom Sætervegen, Bjørnevegen og Skjoldstølen til Apeltunvegen. Vegen er om lag 650 meter lang og vert mykje nytta som gjennomfartsåre mellom Fanavegen og Apeltunvegen. Vegen går gjennom eit bustadfelt, men her ligg òg ein matvareforretning, Spar Skjoldtun.

Namnet vart vedteke i 1958. Som andre vegar i området har han fått eit dyrenamn.

Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.