Hjuldosar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zettelmeyer ZD 3001.

Hjuldosar er ein anleggsmaskin med same type frontskjer som ein bulldosar, men med hjul i staden for belte. Maskinane er som oftast rammestyrte, som ein hjullastar. Hjuldosarar er ikkje så vanlege som beltegåande bulldosarar, men farten er større og ved flytting over korte avstandar kan dei køyrast etter veg utan å gjera skade.