Hn/Pokémon Snap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Pokémon Snap».
Pokémon Snap
Utviklar(ar)HAL Laboratory
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
SeriePokémon Snap
Plattform(er)Nintendo 64
Utgjeving21. mars 1999
Sjangerfotografispill, rail shooter
Spelemoduseinspelar

Pokémon Snap er eit videospel fyrst gjeve ut fyr Nintendo 64, og seinare på Virtual ConsoleWii. Spelet er ei deild av Pokémon-serien, og vart fyrste gong gjeve ut i Europa 15. september i 1999. Utgåva på Virtual Console er det fyrste som hev vorte brigda sidan den upphavlege utgjevingi; på Virtual Console kann ein senda bilæte ein hev teke til uppslagstavla på konsollen. Dessutan vart dømenamnet åt hovudpersonen brigda frå Todd til Todd Snap, og pokémonen Jynx fekk liten blåraud i staden fyre den upphavlege svarte. Spelet hev 63 av dei 151 upphavlege pokémonane.

Råma åt spelet[endre | endre wikiteksten]

Spelet sviv um ein pokémonfotograf som heiter Todd Snap. Han vert henta åt ei øy av Professor Oak, som tarv bilæte i høg kvalitet fyr å stydja dei vitskaplege uppdagingane han hev gjort. Øyi hev fleire vêrlag, som Todd granskar med ein særeigen farkost.

Bygnaden åt spelet[endre | endre wikiteksten]

I spelet kann ein ikkje røra seg fritt, men langsmed ei ruta som er fastsett på fyrehand. Medan ein rører seg langsmed denne ruta, skal ein taka bilæte av ymse pokémonar som syner seg. Ein kann taka upp til 60 bilæte på éin tur, og når turen er ferdig dømer Professor Oak eitt av bilæti som ein vel. Dette dømer han ut frå fleire haldepunkt, til dømes storleik og haldning på pokémonen og anna.

Spelet hev sjau ulike banor: strand, tunnel, vulkan, elv, hole, dal, og ei serbana uppe i skyene. Med tidi kan ein uppdaga mykje nytt i banone, til dømes nye rutor, pokémonar, eller nye vis å få ein høg poengsum på.

Det er fleire hjelpemidel ein kann nytta fyr å få betre bilæte. Ein kann nytta eple, som lokkar til seg pokémonar, sereigne ballar, som kan slå ut, tvinga fram, eller få ein Pokémon til å te seg onnorleis, pokéfløyta, som vekkjer sovande pokémonar, og ein kan auka snøggleiken til farkosten.