Hn/Øyi Bømlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sidor på Nynorsk Wikipedia som ligg under Hn er skrivne på høgnorsk.
Denne sida skal finnast òg på gjeldande nynorsk rettskriving — sjå «Øya Bømlo».

Øyi Bømlo elder Bømmeløy er den største øyi i Bømlo herad (171 km2) i Sunnhordland sudvest i Hordaland fylkje. Kulleseidkanalen deler øyi i ein nørdre lut med store nakne myrar og ein sundre lut som er frodigare. På Bømlo ligg tettstadene Svortland, Rubbestadneset, Foldrøyhamn, Langevåg og Melandsvågen og det nedlagde ferjelægjet Siggjarvåg. Bruer knyter øyi saman med andre øyar i heradet, so som Moster, Goddo, Hiskjo, Aga og Spissøy.

Fjellet Siggjo (474 m.o.h.) ligg på øyi. Det hev med sin sermerkte formasjon vore eit kjent innsiglingsmerkje.

Namnet Bømlo kjem av norrønt Bymbil som skal vera skyldt ordet «bembel», navle elder mage. I denne samanhengen er det venteleg meint i tyding tjukk, uppsvollen som spelar på formasjonen på Siggjo.