Hn/Dronte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Dronte».
Drontestatue ved Jersey Zoo.

Dronten (Rálphus cucullátus) er ein utdøydd fugleart av drontefamilien. Han vog innpå 20-25 kg og livde på Mauritius. Sidsten av denne arten vart drepen i 1681.

Drontane var store fuglar som ikkje var føre til å fljuga, og som ikkje hadde serlege likskapar med duvor av i dag elles helder. Dei var helst klumpute å sjå til og vanta venger. Dette gjorde deim so hjelpelause i møte med menneske, dei endå kunde fangast med berre nevane. Sidan kjøtet på dronten visstnog var godt på smak, vart dei veidde ned av europearane.