Hn/Færøysk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Færøysk».
Færøysk
Føroyskt
Klassifisering Indoeuropeisk
 Germansk
  Nordisk
   Vestnordisk
    Færøysk
Bruk
Tala i  Færøyane
Område Færøyane
Færøysktalande i alt 80 000
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i  Færøyane
Normert av Føroyska málnevndin
Språkkodar
ISO 639-1 fo
ISO 639-2 fao
ISO 639-3 fao

Færøysk (færøysk: føroyskt) er del av den vestnorderlendske målgreini, sum rømer måli islendsk, færøysk, nynorsk og det no utdåne målet norn. Den norrøne målgreini høyrer til dei germanske greinene av dei indoeuropeiske måli.

Færøysk vert tala av 80 000 menneske, i fyrste rekkja på Færøyane der det hev vore offisielt mål sidan 1937.

Som islendsk, hev færøysk vakse fram frå dei gamalnorske målføri nybyggjarane i vikingtidi hadde med seg frå det vestlege Noreg. Færøyingar og islendingar, og færøyingar og nordmenn, kann til nokon mùn skyna kvarandre, men ikkje utan vandar.

Mållæra[endre | endre wikiteksten]

Ljodlæra[endre | endre wikiteksten]

Sjå Færøysk fonologi

Færøysk hev 10 stutte sjølvljod, alle desse hev lange motpartar, nokre av dei er vortne tviljod. I tillegg hev færøysk òg 3 tviljod. Færøysk hev 21 medljod, fordelte på fjore artikulasjonsstader og fjore artikulasjonsmåtar:

Formlæra[endre | endre wikiteksten]

Sjå Færøysk morfologi
Dei viktigaste færøyske dialektforskjellane

Færøysk er, saman med islandsk og nokre svenske målføre, einaste norderlendske målet, sum enno hev dei fjore nordgermanske bøygjefalli: nemnefall, underfall, sidefall og eigefall. I talmålet (og dimed òg i skrift) er eigefall mest ute av bruk; setningane vert snudde på so at eigeformi kjem fram med styreord i sidefall. «Båten åt kongen» vert soleis «Báturin hjá konginum». Eigefall vert derimot nytta i faste vendingar og i fyrste leden i samansette ord.

Døme på falli i færøysk[endre | endre wikiteksten]

Namnord og fyrenamn vert bøygde i fall. Som hugseregel nyttar ein spyrjeordet som på færøysk er ein del av fallnamnet:

døme spurning kallkyn (hannkyn) kvennkyn (hokyn) hvørkikyn (inkjekyn)
hvørfall (nemnefall) Hvør er hatta? knøttur telda borð
hvønnfall (underfall) Hvønn sást tú? knøtt teldu borð
hvørjumfall (sidefall) Hvørjum hyggur tú at? knøtti teldu borði
hvørsfall (eigefall) Hvørs vegna? knøts teldu borðs


Rettskriving[endre | endre wikiteksten]

Færøysk hev ei konservativ rettskriving, noko sum gjer færøysk lett å lesa fyr islendingar. Færøysk nyttar det latinske alfabetet, med 29 bokstavar.

Dei er: A Á B D Ð E F G H I Í J K L M N O Ó P R S T U Ú V Y Ý Æ Ø.

C, Q, W, X, Z vert ikkje nytta, men finst i sume låneord (òg Ü og Å i etternamn), men skikken er å byta desse bokstavane um med færøyske bokstavar med same uttale.

Målsoga[endre | endre wikiteksten]

Ytre målsoga[endre | endre wikiteksten]

Sjå Færøysk ytre språkhistorie

Færøysk hev ei ytre språksoge sum minnar mykje um den norske: Skriftmålet var meir eller mindre likt det i Noreg og på Island fram til 1400-talet. Etter reformasjonen tok dei danske styresmaktene i bruk dansk i staden, på same måten sum i Noreg. Med nasjonalromantikk og nasjonalisme ut over 1800-talet voks interessa fyr færøyskt mål, og Venceslaus Hammershaimb utarbeidde, um lag på same tid som, og på same måten som, Ivar Aasen i Noreg, eit nytt skriftspråk fyr dei færøyske målføri.

Indre målsoga[endre | endre wikiteksten]

Færøysk stend på mange vis midt millom vestnorsk og islandsk. Av falli er eigefal meir eller mindre ute av bruk, men skilnaden millom nemnefall, underfall og sidefall stend fast. Segnordi vert bøygde i tal, og i notid eintal også i person.

Fonologisk hev færøysk gjenge gjennom mange nydanningar. Lange sjølvljod hev vorte tviljod, og ein del medljodssamband er styrkte.

Bokheim[endre | endre wikiteksten]

  • V.U. Hammershaimb: Færøsk Anthologi. København 1891, Tórshavn 1991, 2 bind (andre bind er millom anna ei færøysk-dansk ordsamling med 10 000 oppslagsord ved Jakob Jakobsen. Anthologien er framleis tilgjengeleg på Færøyane)
  • W.B. Lockwood: An Introduction to Modern Faroese. Tórshavn 1977 (standardverk på engelsk i fleire tiår).
  • J. Henriksen: Kursus i Færøsk. Tórshavn 1983 (2 bind)
  • Höskuldur Thráinsson, Hjalmar P. Petersen, Jógvan í Lon Jacobsen, Zakaris Svabo Hansen: Faroese. An Overview and Reference Grammar. Tórshavn 2004 ISBN 99918-41-85-7 (nytt standardverk).

Ordbøker[endre | endre wikiteksten]

Språklege hjelperåder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediafærøysk


Høyr færøysk på netet[endre | endre wikiteksten]