Hn/Høgnorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Høgnorsk».

Høgnorsk er eit skrift- og talemål, og ei nemning på ei uoffisiell form for nynorsk der målet er halde ved lag i ubroten tradisjon etter det fyrste nynorske skriftmålet (Landsmaal), som ein finn det hjå Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg o.a. Offisiell nynorsk veik av frå denne tradisjonen fyrst og mest ved rettskrivingsbrigdet i 1938, med ei tilmåting til rettskrivingi og ordvalet i bokmål og til målføri i Nord-Noreg, i Trøndelag og på Austlandet. Det er med andre ord på desse umkvervi høgnorsken skil seg frå offisiell nynorsk.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Bøygjing av namnordi[endre | endre wikiteksten]

Høgnorske namnord og lagord vert bøygde i tal og bundenskap. Namnordi hev tri kyn; hankyn, hokyn, inkjekyn. Desse hev anten sterk eller linn bøygjing, som viser seg i endingi.

Døme på regelbundne sterke og linne namnord i alle kyn:

eintal mangtal sidefall
eintal mangtal
kyn ubd. bd. ubd. bd. bd. bd.
svakt hankjønn bakke bakken bakkar bakkane -am -om
sterkt hankjønn hest hesten hestar hestane -em
kvist kvisten kvister kvistene
sterkt hokjønn sol soli soler solene -enne
elv elvi elvar elvane
bok boki bøker bøkene
svakt hokjønn visa visa visor visone -onne
sterkt inkjekjønn land landet land landi -in
stykke stykket stykke stykki -jom
svakt inkjekjønn auga augat augo augo -an -om

Høgnorskrørsla[endre | endre wikiteksten]

Objektiviteten i denne artikkelen er omstridd. Endringar som manglar kjelder og/eller avviker frå ei objektiv framstilling, kan bli fjerna.

Høgnorskrørsla er organisert i samskipnaden Ivar Aasen-sambandet. Dei tvo største lokallagi er Høgnorskringen i Oslo og Vestmannalaget i Bergen.

I år 2000 braut det ut strid i høgnorskrørsla. Striden toppa seg i 2002 med konflikten um bladet Vestmannen. Etter at Lars Bjarne Marøy hadde vorte avsett som bladstyrar for Vestmannen, vart det gjort upptak til å skipa eit konkurrerande målblad, Målmannen. Frå 2002 til slutten av 2003 var bladet meint å fungera som eit samlingspunkt for aktivistmiljøet i Ivar Aasen-sambandet og Vestlandske Mållag. Men på slutten av 2003 braut det ut ein ny konflikt internt i Ivar Aasen-sambandet. Støttespelarane attum Målmannen valde då å brjota med den organiserte luten av høgnorskrørsla og helder samla kreftene um å byggja upp eit frittståande aktivistmiljø kring bladet Målmannen. Bladet tek upp både målspursmål og andre aktuelle saker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]