Hn/Joachim Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Joachim Nielsen».
Joachim Nielsen

Joachim «Jokke» Nielsen (8. september 1964–17. oktober 2000) var ein norsk musikar. Han var vokalist, gitarist, låtskrivar og frontfigur i den norske rockegruppa Jokke & Valentinerne, og var bror av teikneserieskaparen Christopher Nielsen og son av kunstnaren John David Nielsen.

Nielsen skipa Jokke & Valentinerne i 1982, og gruppa vart snøgt ei av dei mest populære gruppone i rockemiljøet i Oslo. I 1985 vart låtane «Spenn» og «Alt kan repareres» gjevne ut på ein samlekassett med nye norske band, og året etter gav Jokke & Valentinerne ut sitt fyrste album, Alt kan repareres.

Jokke lìvde på mange måtar upp til rockemyten. Tekstene hans handla mykje um fyll og alkohol, og ikkje sjeldan var han Jokke sjølv i yverkant påsigld på sine eigne konsertar. Han skapte avisyverskrifter under Spellemannsprisutetlingi i 1992 då han i berrsynleg ruspåverka tilstand tok mot prisen i kategorien beste rockeartist, for albumet Frelst.

Framgjenom 90-talet hamna «Jokke» på hardare rusgifter. I songtekstene sine skildra han strevet og fortvilingi i livet sitt som narkoman. Han vart lagd inn på avrusingsklinikkar nokre vendor, for å freista slutta med heroin, noko han di verre ikkje evlde. Han døydde av ein overdose i oktober 2000, 36 år gamall.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Jokke & Valentinerne[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Jokke med Tourettes[endre | endre wikiteksten]

Jokke & Valentinerne med Tourettes[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]