Hn/Minecraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sidor på Nynorsk Wikipedia som ligg under Hn er skrivne på høgnorsk.
Denne sida skal finnast òg på gjeldande nynorsk rettskriving — sjå «Minecraft».

'Minecraft'
Utviklar(ar)Mojang
Utgjevar(ar)Mojang
Plattform(er)PlayStation 3, PlayStation Vita, Windows, Xbox 360, Xbox One, Nintendo Switch
Utgjeving18. november 2011
SjangerSandkasse, yverlìving
SpelemodusEinspelar, fleirspelar

Minecraft er eit sandkasse-/yverlìvingspel til telja, telefon og ei rekkja spelkonsollar. Spelet lèt spelaren byggja eller laga bygnader av terningar i ei 3D-verd. Minecraft er skapa av Mojang AB, men byrja som eit fritidarervid av Markus «Notch» Persson. Minecraft hev teke inngjevnad frå Dwarf Fortress, RollerCoaster Tycoon, Dungeon Keeper, og serskilt Infiniminer.[1]

Minecraft er eit kreativt sandkassespel, der spelaren byrjar på ein tilfelleleg stad i ei tilfelleleg laga verd. For å vinna spelet, må spelaren finna og «vøla» ein portal i ei festning som fører til «Enden». I Enden er det ingen annan måte å koma attende på en å utføra målet med spelet, som er å drepa «enderdraken». Flestalle som spelar gjer det for å yverlìva, byggja og granska. Um natti kjem skræmsl som vil freista å skada spelaren, og detta er ei drivkraft til å byggja seg ei livd. Skræmsl finn ein òg i djupe hòlor og på myrke stader. Jamvel um ein oftast finn skræmsl på natti, kann ein òg møta på sume av deim um dagen. T.d. mumieliknande skaldaudingar i sandheidi.

Spelet gjev òg høve for fleirspel, der fleire kann spela samstundes i same verd. Her kann ein spela som ein vil, anten ein samarbeider um å byggja, tevlar um tilfangi, eller slæst og øydelegg for kvarandre. Kven som helst kann laga ein tenar med eigne sett med reglar for korleis ein kann spela.

Skapnader[endre | endre wikiteksten]

Minecraft er rikt på skapnader utanom spelaren sjølv. Desse skapnadene, som ein ikkje kan spela som, vert kalla «mobs» (av engelske mobile), eit umgrìp som er vanlegt i spel.

Fiendslege skapnader[endre | endre wikiteksten]

Desse skapnadene freistar å skada spelaren um dei kjem fyr nære. Dei vil òg fylgja spelaren.

  • Daudingar: Fiendar som slær spelaren i hel. Desse kann vera væpna med ulike verkty og våpn som spadar eller sverd. Dei kan òg taka våpni åt spelaren når han døyr. Um spelet er sett til vandestìget «vanskeleg» kann daudingane øydeleggja dører og gjera landsbybuarar um til landsbydaudingar. Desse vil sjå onnorleis ut enn vanlege daudingar. Dei slepp rote kjøt når dei døyr.
  • Creeperar («krjuparar»): Grøne, ljodlause skræmsl som snik seg inn på spelaren og sprengjer. Detta gjer det vandt å drepa deim. Namnet kjem av engelsk der det beint fram tyder krjupar. Dei slepp krut når dei døyr.
  • Beinrangel: Beingrinder som skyt spelaren med pil og boge. Dei slepp bein når dei døyr, men kan òg sleppa ein boge.
  • Vevkjerringar: Store og snøgge vevkjerringar som kan kliva på vegger. Dei slepp tråd.

Vìnsame skapnader[endre | endre wikiteksten]

Desse freistar ikkje å skada spelaren.

  • Kyr: Kann verta mjølka med bytta. Slepp lêr og storfekjøt når dei døyr. Lêret kann ein laga herbunad av som ein kan lìta med ymse lìtemne.
  • Sauder: Kann verta klypte med soks for ull. Slepp ull og saudekjøt når dei døyr. Ulli kann ein laga senger og målarstykke av.

Kjeldor[endre | endre wikiteksten]

  1. Markus Persson (5. november 2012). «Credits due». Markus Persson. 

Bakgrunnsemne[endre | endre wikiteksten]