Hn/Nederland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Nederland».
Koninkrijk der Nederlanden

(norsk: Nederland, nederlandsk)

Det nederlandske flagget Det nederlandske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Wilhelmus van Nassouwe»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Nederland
Offisielle språk Nederlandsk, frisisk
Hovudstad Amsterdam, men regjeringa sit i Haag
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Willem-Alexander
Mark Rutte
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
41 543 km² (132.)
18,41 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
17 084 719 (66.)
411,3 /km² (17.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Godkjend (av Spania
26. juli 1581
30. januar 1648 (Sjå Åttiårskrigen)
Nasjonaldag 27. april (Koningsdag)
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
831 400 mill. USD (27.)
54 300 USD (17.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +2
Telefonkode +31
Toppnivådomene .nl


Kongeriket Nederland eller berre Nederland (nederlandsk: Koninkrijk der Nederlanden eller Nederland) er eit lite, men tett folka land nordvest i Europa. Det hev kyst mot Nordsjøen og grensar i tillegg til Tyskland og Belgia. Landet vert nokre gonger feilaktig kalla Holland, men detta er berre to av provinsane i Nederland (Noord Holland og Zuid Holland).

Landkunne[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Nederlandsk geografi.
Kart yver Nederland sum syner områdi sum ligg yver havnivå, eller korleis Nederland vilde sett ut utan dika

Nederland er eit sers flatt land, og berre dei søraustlegaste områdi, sum strekkjer seg sørover langs grensa millom Belgia og Tyskland mot Ardennane, hev åsar sum bryt hundremetergrensa. Vaalserberg er det høgste punktet med 322,7 meter yver havet. Den vestlege helvti av landet ligg i snitt 1 meter yver havet og mange område ligg til og med under havnivå, verna av dike langs kysten og langs dei mange elvane og kanalane.

Heilt sidan mellomalderen hev menneske forma landskapet i Nederland ved hjelp av dike. Fyr å verne mot flaum vart landsbyar og gardar bygd på menneskeskapte åsar kalla terps fyrr år 1000, og etter kvart bygde ein dike millom desse. Samstundes drenerte bøndene myrområde fyr at desse kunna dyrkast. Den opptørka torva i desse områdi vart derimot trengde saman av denna endringsrekkja og heile terrengnivået sokk. detta førte til at områdi måtte drenerast å nyo, og at terrengnivået sokk ytterlegare. Det vart bygd fleire dike og etter kvart oppstod det eit innfløkt dikesystem sum gjekk på kryss og tvers. Det vart nytta vindmøller til å pumpaa ut vatn frå den tørre sida av dika, og seinare nytta ein au vindmøller til å tømma heile innsjøar slik at ein fekk dei kjende polderane.

Flaumane hev au til stor grad forma landskapet i Nederland. Ein kraftig storm og stormflod i 1134 skapte øygruppa Zeeland. St. Elizabeth-flaumen i 1421 tok mange menneskeliv då dika brast og danna våtmarksområde Biesbosch, sum i dag er ein nasjonalpark. Ein flaum på 1200-talet skapte Zuiderzee, sum i dag er lukka og omdanna til IJsselmeer. Dei menneskeskapte endringane hev til tider gjort flaumkatastrofane større. og på 1900-talet vart to enorme byggprosjekt sett i verk fyr å ende den verste flaumfaren ein gong fyr alle, Zuidezeeprosjektet og Deltaprosjektet. Deltaprosjektet vart starta etter Nordsjøflaumen i 1953 og stod først ferdig i 2002.

To store elvar renn gjennom Nederland, Rhinen og Maas. Desse elvane forgreinar seg i Nederland og dannar eit sers komplisert system der dei forskjellige tvielvane renn i hop, forgreinar seg vidare og renn inn i kvarandre igjen. I tillegg er det bygd kanalar millom elvane. Waal er i dag den største greina av Rhinen, men tidlegare hev andre elvar hatt denna rolla. Det meste av vatnet renn mot dei sørvestlege områdi av Nederland, og her renn au dei to store greinene Westerschelde og Oosterschelde til elvi Schelde ut. Berre ei større grein av Rhinen, IJssel, renn nordover og ut i IJsselmeer.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Nederland er kjend fyr kanalane og vindmøllene sine, men landet er verken spesielt fuktig eller vindfullt. Det er hovudsakleg kystområdi sum hev noko vind å snakke um, og dei kann um vetteren få storm når lågtrykka går inn yver Nordsjøen. Dei indre områdi hev derimot lite vind, og i middel hev Utrecht mindre vind enn Paris. Vinden merkar ein likevel mest um vetteren når temperaturane ligg like yver frysepunktet. Den fuktige lufta gjer sitt til at det kjennest enno kaldare enn det er.

Nederland er flatt og hev ingen store fjellkjeder aust eller sør fyr seg, so landet er au utsett fyr den kalde Sibirlufta frå aust um vetteren. Desse kuldeperiodane kann vare fleire veker, og kanalane kann fryse til. Dei er derimot mest vanleg i nordaustlege delar av landet, mot grensa av Tyskland. Delar av Nederland ligg lågare enn havoverflata, og er berre verna av dika på kysten og i kanalane. Ved sers kraftig uvêr i Nordsjøen hev detta tidlegare ført til stormflod og store flaumkatastrofar, den siste var Nordsjøflaumen i 1953.

Nærleiken til Nordsjøen hindrar sum regel høge temperaturar um sommaren, men når den sørlege kontinentallufta strøymer nordover kann det verta varmt sjølv på kysten. Dei sørvestlege kystområdi fær sum regel mest nedbør um hausten, men dei våtaste områdi i Nederland er nasjonalparken Hage Veluwe sum hev 800-900 mm i året.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Nederland (10.10.2010)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Nederland er delt inn i 12 provinsar (provincies):

Namn Hovudstad Areal (km²) Folketal (2005)
Drenthe Assen 2 642 483 200
Flevoland Lelystad 1 419 365 300
Friesland Leeuwarden 3 349 643 000
Gelderland Arnhem 4 975 1 971 000
Groningen Groningen 2 336 575 200
Limburg Maastricht 2 153 1 136 000
Noord-Brabant 's-Hertogenbosch 4 919 2 411 000
Noord-Holland Haarlem 2 670 2 595 000
Overijssel Zwolle 3 327 1 109 000
Utrecht Utrecht 1 386 1 171 000
Zeeland Middelburg 1 788 379 900
Zuid-Holland Haag 2 818 3 452 000

Historie[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilde av Nederland

Under den tysk-romerske keisaren og spanske kongen Karl V var området ein del av Dei sytten nederlandske provinsane, der au størsteparten av dagens Belgia var med. Etter at åttiårskrigen hadde halde på i ti år erklærte dei nordlege provinsane sjølvstende i 1579 og danna Utrecht-samveldet, sum la grunnlaget fyr det moderne landet Nederland. Filip II, sonen til Karl, hadde ikkje tenkt å la dei sleppa so lett, og Spania godkjende ikkje nederlandsk sjølvstende fyrr Filip IV gjorde detta i 1648.

Repuvertakken av dei sju sameinte Nederlanda voks til å verta ei av dei største maktene innan sjøfart og handel i det 17. hundreåret. Landet etablerte koloniar og handelsstasjonar yver heile verda i denna perioden, sum vert kalla den nederlandske gullalderen.

I nokre år var Nederlanda del av Napoleon sitt franske keisardøme, men i 1815 vart Kongeriket Nederlanda, sum inneheldt alle dei tre Benelux-landa, danna. Belgia gjorde opprør og fekk sjølvstende i 1830, medan Luxemburg trekte seg ut då Vilhelmina II vart dronning i 1890, på grunn av ulike tronarvelovar.

Nederland hadde fleire koloniar, sum Nederlandsk Ostindia, det moderne Indonesia, og Surinam. Innvandrarar frå desse landa hev sett sitt preg på landet, millom anna med etestader sum serverer mat frå heimlanda deira i dei fleste nederlandske byane.