Hn/Nynorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Nynorsk».
Denne artikkelen tek fyre seg den nolevande nynorske målformi. Sjå nynorsk talemål for artikkelen um det yngste målstiget i norskt mål, til skilnad frå gamalnorsk og millomnorsk.

Ivar Aasen er upphavsmannen til nynorsk.

Nynorsk er ein rettskrivingsnormal for norsk, bygd på eit utval av dei norske målføri. Offisielt gjeldande nynorsk rettskriving i dag er tufta på normalen hans Ivar Aasen og seinare endringar av millom andre Norsk språkråd.

Den fyrste norske skriftnormalen vart kalla landsmål (Landsmaal), men dette namnet vart i 1929 brigdt til nynorsk; eit framlegg um norsk, beint fram, tapte i Stortinget med éi røyst.

Etter 1938 vart den statsstyrde tilnærmingi til bokmål og austnorske målføre so sterk at ein kunde taka til med å tala um eit eige tradisjonelt avbrigde av nynorsk, i motsetnad til den statlege normi. Denne meir tradisjonelle målformi er i dag mest kjend under nemningi høgnorsk.

Offisiell nynorsk som ein finn honom i godkjende ordlistor og dilike hev tvo slag former, hovudformer/lærebokformer og sideformer/klamberformer. Der det finst meir enn éi hovudform, talar ein um jamstelte former, soleis til dømes formene «me» og «vi». Hovudformene skal nyttast i lærebøker og andre offisielle høve, medan sideformene kann nyttast av elevar og andre utan at det vert rekna som brot på gjeldande rettskriving. Nokre av sideformene er tradisjonelle «høgnorske» former, andre er «samnorskformer» etter mynster frå sume austnorske og nordnorske målføre, bymål og bokmål.

Det går jamt fyre seg eit ordskifte um ein ikkje skal skjera ned på talet på valfrie former, og avskìpa ordningi med sideformer, so at alle formene vert jamstelte hovudformer. I 2005 avviste KKD eit framlegg frå Norsk Språkråd um dette, med di det bygde på for stor usemja. Ein ventar no på eit nytt normeringsregime i og med tilskìpingi av eit nytt målorgan – Språkrådet.

Millom 10 og 15 % av ibuarane i Noreg nyttar einkvan varianten av det nynorske skriftspråket.

Eksterne lekkjor[endre | endre wikiteksten]