Hn/Polysyntetisk mål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Polysyntetisk mål».

Eit polysyntetisk mål er eit mål som er sèrs syntetisk. Det vil segja at det hev svært mange morfem (eller tydingsberande måleiningar) i ordi, som dimed ofte vert lange og med mykje tyding. Dei hev mykje ordbøygjing. Polysyntetiske mål lagar gjerne ovlange "setnings-ord", der det som er ei heil setning på mindre syntetiske mål vert uttrykkt med berre eitt ord, til dømes på yupiksk, der ordet 'tuntussuqatarniksaitengqiggtuq' tyder "Han hadde enno ikkje sagt upp att at han skulde fara på reinsdyrjakt.". Ordet er laga av morfemi 'tuntu-ssur-qatar-ni-ksaite-ngqiggte-uq', som tyder reinsdyr-jaktaframtid-segjaneittande-upp atttridjeperson eintal indikativ», og ingen av morfemi kann standa åleina utan um tuntu, som tyder «reinsdyr».

Medan isolerande mål hev få morfem i kvart ord, hev polysyntetiske mål gjerne ovmange. Det finst ingen ålment godkjend definisjon på kva polysyntese er. Som regel finn ein i polysyntetiske mål fleirpersonleg bøygjing, men det finst ikkje-polysyntetiske mål som ogso hev detta, millom andre baskisk, ungarsk og georgisk. Nokre forskarar nyttar umgripet polysyntetisk um mål med ovmange morfem i kvart ord, medan andre nyttar det um mål som er sterkt hovudmerkjande, eller um dei med mykje inkorporering.

Polysyntetiske mål kann vera både agglutinerande og flekterande ut ifrå kor mange grammatiske trekk dei merkjer med kvart åtfeste.

Spursmålet um kor vidt eit mål er polysyntetisk eller ikkje er ofte vandskeleg, sidan grensone millom ulike ord kann vera vande å setja. Det er ofte ikkje klårt um ulike morfem er best tolka som eitt eller fleire ord, til dømes. I tillegg kann mål vera sèrs syntetiske på eitt umråde, men mindre syntetiske i eit anna (som til dømes i gjerningsord og namnord på Sud-Athabaskiske mål eller i Inuittiske mål). Mange polysyntetiske mål hev umfattande system fyr å merkja evidensialitet eller mirativitet på gjerningsordi.

Umgripet polysyntese vart uppfunne av Peter Stephen Du Ponceau, som såg på polysyntese som eit måltrekk som innebar "setningsord" og inkorporering, og som kjenneteikna alle dei amerikanske urmåli. Detta synde seg å vera feil, sidan fleire av dessa måli ikkje er polysyntetiske[1], men det held framleis at polysyntese ikkje er jamt spreidde på klota. Dei er mykje vanlegare i Amerika, Australia, Sibir, og på Ny-Guinea enn elles, men einskilde døme er å finna på andre stadar. Edward Sapir førde umgripet inn i måltypologien då han nytta det som eit av sine typologiske grunninndeilingar. I nyare tider hev Mark C. Baker lagt fram å definera polysyntese som ein makro-parameter i tydingi frå Noam Chomsky sin grammatiske prinsipp- og parameterteori. Andre målgranskarar set spursmålteikn med kor nyttig polysyntese som umgrip i grunn er, sidan det samstundes dekkjer fleire grammatiske trekk som elles hev lite til felles[2].

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Campbell, Lyle. (1997), American Indian languages : the historical linguistics of Native America, Oxford University Press, ISBN 0-585-37161-X, OCLC 48140020, henta 13. februar 2020 
  2. Problems of polysynthesis, Evans, Nicholas., Sasse, Hans-Jürgen, 1943-, Universität zu Köln., Akademie Verlag, 2002, ISBN 3-05-003732-6, OCLC 50254480, henta 13. februar 2020