Hn/Sanntidsoperativsystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sidor på Nynorsk Wikipedia som ligg under Hn er skrivne på høgnorsk.
Denne sida skal finnast òg på gjeldande nynorsk rettskriving — sjå «Sanntidsoperativsystem».

Eit sanntidsoperativsystem (Real-Time Operating System, RTOS) er eit operativsystem med dei eigenskapane som trengst til å stydja eit sanntidsystem.

Eit sanntidsystem er eit system som legg avgjerande vekt på at dei logiske resultati frå utreikningane ikkje berre er rette, men jamvel kjem i rett tid. Same kva slags last ein legg på eit sanntidssystem, skal systemet garantera responsar i rett tid.

Sanntidsystem finst i tri utgåvor, hard real time, firm real time og soft real time. I eit soft eller firm real time system kann tapte daudlinor føra med seg ei kvalitetsveikjing (td audiostreaming), i eit hard real time system kann det føra til katastrofe (td kjernekraftverk).

Døme på sanntidsoperativsystem er VxWorks, QNX, eCos, pSOS og Windows CE.