Hn/Trajansøyla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Trajansøyla».
Trajansøyla
Relieff på Trajansøyla

Trajansøyla i Roma, innvigd 12. mai 113 e. Kr., stend midt i Trajans forum på eit lite umråde (16 x 23 m) og er umgjevi av offentlege bygningar i minst tri høgder. Ho er eit tekniskt meisterstykke, som er på syttan sylindrar av blå juni-marmor lagde uppå kvarandre. Høgdi er i alt 100 romerske fot, 29,78 meter, diameteren nær fire meter. Søyla står på eit firkanta podium, 5,37 m høgt. Søyla er hól, ei liti dør i podiet fører inn i ei vestibyla med ei spiralforma tropp med 185 steg og 43 små vindaugsspaltor upp til toppen der ein statue av keisar Trajan av Romarriket stod. Han vart riven i millomalderen, og vart sidan bytt ut med ein statue av apostelen Paulus.

Då keisaren døydde i 117 e. Kr., vart oska hans lagd i ei gullurna inne i sokkelen, slik at soga i stein um dakarkrigane vart ei veldig gravstøtta for krigarkeisar. Keisaren skreiv eit verk um dakarkrigane, det er no tapt. Men trajansøyla kann òg segjast å vera ein bokrull, men ein rull i stein, ikkje i papyrus, ei 200 meter lang relieff-frisa som snor seg kring trajansøyla og viser dei dakiske felttogi i 155 scenor, med umkring 2.500 figurar.