Hn/Våpn
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sidor på Nynorsk Wikipedia som ligg under Hn er skrivne på høgnorsk.
Denne sida skal finnast òg på gjeldande nynorsk rettskriving — sjå «Våpen».
- Sjå òg heraldiske våpn
Våpn er innbunadar som hev som hovudbruksmåte å øydeleggja menneske, dyr eller fysiske mål. Våpn kan nyttast til åtak, forsvar eller berre som trugsmål. Våpn er og vortne samleemne.
Ein kann deilda våpn inn i gruppor ut ifrå bruksumråde eller slag. Dei tvæ hovudgruppone er våpn hovudsakleg meinte for militære fyremål og våpn meinte for veiding. Undergruppor av våpn etter slag er blankvåpn, det vil segja ulike former for sogelege våpnslag som sverd, øks og spjut, og notidige skjotevåpn som rifla og maskinbyrsa.