Hobbit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hobbitar er ein rase i J.R.R. Tolkien sitt fantasisamfunn Middle Earth. I motsetnad til mange av dei andre rasane Tolkien skriv om, er hobbitar lite brukte i andre fantasy-verk, dataspel og liknande. Tolkien har sagt at namnet tyder «hole-byggjar»[1]. Hobbitane var opphavleg ein underrase av menn.

Hobbitar er mindre enn dvergar, om lag 0,6-1,2 meter høge. Dei har hårete føter og brukar ikkje sko. Hobbitar et svært mykje og ofte, minst sju mål til dagen, noko som fører til at dei er ganske runde. Dei byggjer seg ikkje hus, men bur i holer. Ein hobbit vert rekna som vaksen når han er 33 år, og gjennomsnittleg levealder er 100 år.

I tidsperioden som Tolkien skriv om i The Hobbit og The Lord of the Rings held hobbitane seg stort sett for seg sjølv i lokalsamfunnet «the Shire», og dei fleste folk av andre rasar har ikkje eingong høyrt om dei, anna enn i soger frå gamle tider. Menn kallar hobbitane halflings (halvingar). Dei desidert mest kjende hobbitane i dag, er Bilbo og Frodo Baggins. Også vesenet Gollum var truleg ein hobbit, men etter lang tid i ei mørk grotta var kroppen hans så deformert at det var vanskeleg å sjå kva slags rase han eigentleg høyrte til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
  1. Oppslagsordet «hobbit» i The Concise Oxford Dictionary of Current English