Hobbs Coast

Koordinatar: 74°50′S 132°0′W / 74.833°S 132.000°W / -74.833; -132.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hobbs Coast is located in Antarktis
Hobbs Coast (Antarktis)

Hobbs Coast (74°50′S 132°0′W / 74.833°S 132.000°W / -74.833; -132.000) er den delen av kysten av Marie Byrd Land som strekkjer seg frå Cape Burks til eit punkt på kysten ovanfor den austlege delen av Dean Island, ved 74°42′S 127°05′W / 74.700°S 127.083°W / -74.700; -127.083, eller mellom Ruppert Coast i vest og Bakutis Coast i aust. Han strekkjer seg frå 136°50′W til 127°35′. Kysten vart oppdaga av U.S. Antarctic Service (1939–41) og kalla opp etter professor William H. Hobbs frå University of Michigan, ein glasiolog som spesialiserte seg i polargeografi og historie. US Geological Survey kartla ferdig kysten frå landmålingar og flyfoto frå U.S. Navy 1959–65.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hobbs Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).