Hochgall

Koordinatar: 46°54′45″N 12°8′30″E / 46.91250°N 12.14167°E / 46.91250; 12.14167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hochgall
fjell
Hochgall, sett frå nord
Land  Italia
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 436 moh.
Primærfaktor 653 m
Førstestiging 1854
Koordinatar 46°54′45″N 12°8′30″E / 46.91250°N 12.14167°E / 46.91250; 12.14167
Kart
Hochgall
46°54′45″N 12°08′30″E / 46.9125°N 12.141666666667°E / 46.9125; 12.141666666667
Wikimedia Commons: Hochgall

Hochgall er ein 3 436 meter over havet høg fjelltopp i Hohe Tauern i Alpane. Fjelltoppen ligg i provinsen Bolzano i Italia, i kring 500 meter vestom landegrensa mot Austerrike. Hochgall er det høgste av Rieserferner-fjella, eit fjellområde i Hohe Tauern.

I åra 1853-54 dreiv Hermann van Acken med landoppmåling for den austerrikske staten. Sommaren 1854 kleiv han og lokale hjelpesmenn frå dalen Defereggen opp på Hochgall frå aust og langs nordaustegga. Dei plasserte eit signalpunkt på ein lægre topp, 3371/3354 moh, der toppegga vikjer av frå vasskiljet mellom dagens landegrense mellom Austerrike og Italia. Gruppa nådde toppen etter ein ti timars tur frå Sankt Jakob in Defereggen. Få år seinare snakka Paul Grohmann med ein av fjellførarane, som fortalde han at nokre av dei hadde halde fram til dei nådde den høgste fjelltoppen. Soga vart stadfesta då dei neste som fylgde same ruta, 22 år seinare, fann ein stav nær hovudtoppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]