Hochrhein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hochrhein between Stein am Rhein and Basel

Hochrhein (tysk for «Høg-rhinen») er eit namn nytta om den delen av Rhinen som renn vestover frå Bodensjøen til Basel.

Hochrhein starta der Rhinen renn ut frå Untersee i Stein am Rhein og svingar inn i Oberrhein («Øvre Rhinen») i Basel. I motsetnad til Alpenrhein (Alperhinen) og Oberrhein, renn Hochrein hovudsakleg vestover. Han er den første av fire delar (Hochrhein, Oberrhein, Mittelrhein og Niederrhein) av Rhinen mellom Bodensjøen og Nordsjøen. I Sveits syner liknande namn til andre delar. I den vestlege delen markerer Rhinen grensa mellom Tyskland og Sveits, medan han i aust ligg heilt innanfor grensene til Sveits og omringar den tyske eksklaven Büsingen.

Kart over Rhinen

Namnet Hochrhein vart innført av forskarar på 1800-talet. Geologar prøvde å skilje Hochrein frå Oberrhein. Fram til 1800-talet vart han òg kalla «Badisch-sveitsisk Rhinen».[1]

Rhinenfalla i Neuhausen am Rheinfall

Rhinenfalla, som er dei største slettefossane i Europa, ligg i kommunane Neuhausen am Rheinfall og Laufen-Uhwiesen, nær byen Schaffhausen. Dei er 150 m breie og 23 meter høge. Om vinteren er middelvassføringa i fossen 250 m³/s, medan det om sommaren aukar til 600 m³/s.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reinhard Valenta: Eine Landschaft im Wandel; Der Hochrhein zwischen Waldshut und Rheinfelden. in: Bosch, M. A. Enderle, H. Fricker & R. Valenta: Der Hochrhein. G.Braun Verlag, Karlsruhe, 1997, s.6-29

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hochrhein

Koordinatar: 47°40′46″N 8°36′59″E