Hochstaufen
Utsjånad
| Hochstaufen | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Område | Bayern | ||
| Fjellkjede | Dei nordlege kalksteinsalpane | ||
| Høgd | 1 771 moh. | ||
| Primærfaktor | 301 m | ||
| Koordinatar | 47°45′N 12°51′E / 47.75°N 12.85°E | ||
![]() Hochstaufen 47°45′18″N 12°50′55″E / 47.75494°N 12.84873°E | |||
| Wikimedia Commons: Hochstaufen | |||
Hochstaufen er eit fjell nord for Bad Reichenhall og det austlegaste fjellet i Chiemgauer Alpen i Bayern i Tyskland med ei høgd på 1 771 meter over havet. Fjellet høyrer til Staufen-massivet og er ein populær stad for fjellklatring.
På 1600-talet var det nokre gruver ved Hochstaufen. Den mest kjende gruvegangen var Doktor-Oswald-Stollen, berre 60 meter nedanfor toppen.
I ei høgd på 1 750 meter ligg Reichenhaller Haus, ei fjellhytte.
Ymse
[endre | endre wikiteksten]Etter kraftig regnfall oppstår det jordskjelv på Hochstaufen, så derfor er det sett ut fleire seismometer rundt fjellet. I september 1993 vart paret som dreiv Reichenhaller Haus drepen i eit brutalt ran.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Hochstaufen frå Engelsk Wikipedia .
