Hocus Pocus av Focus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hocus Pocus av Focus
Singel av Focus
frå albumet Focus II
B-side

Janis

Utgjeve 1971 (Europa)
Februar 1973 (Europa, USA, Canada)
Innspelt 1971
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 6:42 (album)
3:18 (singel)
3:25 (nyinnspeling: «Hocus Pocus 2», «Hocus Pocus II»)
Selskap Imperial Records (NL)
Polydor (DE, UK)
Blue Horizon (Storbritannia)
Sire Records (US, CA)
Låtskrivar(ar) Thijs van Leer, Jan Akkerman
Produsent Mike Vernon

«Hocus Pocus» er ein song av det nederlandske rockebandet Focus, skriven av klaverspelaren, fløytisten og vokalisten Thijs van Leer og gitaristen Jan Akkerman. Han vart spelt inn og gjeven ut i 1971 som opningssporet på det andre studioalbumet deira, Moving Waves.[1] Ei forkorta utgåve vart gjeven ut på singel (med «Janis» som B-side) på Imperial, Polydor og Blue Horizon i Europa i 1971, med gjekk ikkje inn på lista.

Ei raskare nyinnspeling av songen (kalla «Hocus Pocus 2» eller «Hocus Pocus II» i somme marknader) kkom ut i Europa i 1972. Med ein versjon framført på The Old Grey Whistle Test i desember 1972 og ein påfølgjande turné i Storbritannia,[1] klatra denne utgåva til 20. plassen på den britiske singellista i januar 1973.[2] «Hocus Pocus» vrat òg gjeven ut på singel på Sire Records i USA og Canada i 1973. Han nådde niandeplassen i USA og 18. plassen i Canada på våren og sommaren det året.

Songen fekk nytt liv då han vart brukt av Nike i reklamekampanjen Write the Future som vart vist under fotball-VM for herrar i 2010.[1] Det året gjekk singelen inn att på den britiske singellista og nådde 57. plassen der og 48. plassen på den nederlandske singellista. Songen er sidan blitt framført av The Vandals for debutalbumet deira When in Rome Do as The Vandals i 1984, og av Helloween på albumet deira Metal Jukebox i 1999.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

«Hocus Pocus» tar form som ein rondo og består av i veksling mellom eit kraftfullt gitarriff med ein kort trommesolo og så varierte «solovers» (alle framført av Thijs van Leer) med jodling, orgelspeling, trekkspel, scat-synging, fløyteriff og plystring.

«Hocus Pocus 2» er noko kjappare med somme funkelement og ekstra rytmar. Når songen vart spelt på konsertar, var «Hocus Pocus» enno kjappare.[3]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Canadian Singles Chart[4] 18
Den nederlandske singellista[5] 12
UK Singles Chart[6] 20
U.S. Billboard 100[7] 9
Liste (2010)
Den nederlandske singellista[5] 48
UK Singles Chart[8] 57

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Passering
U.S. Billboard 100[9] 69

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «The Story of Focus' Exceptional Hit, 'Hocus Pocus'». Bandonthewall.org. November 2018. Arkivert frå originalen 4. desember 2019. 
  2. «Hocus Pocus: Singles». Officialcharts.com. Henta 4. desember 2019. 
  3. Knight, Gladys (host) (5. oktober 1973). The Midnight Special. 
  4. «RPM100 Singles». RPM. Henta 8. mai 2018. 
  5. 5,0 5,1 «Dutch Music Charts». Dutchcharts.nl. Henta 8. mai 2018. 
  6. «Focus Chart Performance». Officialcharts.com. Henta 4. desember 2019. 
  7. «Focus Chart History: Hot 100». Billboard.com. 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2019. 
  8. «Hocus Pocus Chart Performance». Acharts.co. Henta 8. mai 2018. 
  9. «Billboard Top 100 - 1973». Billboard. Arkivert frå originalen 25. november 2010. Henta 14. mai 2019.