Hod HaSharon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hod Hasharon)
Hod HaSharon
هود هاشرون, הוֹד הַשָּׁרוֹן
by
Våpenskjold
Namneopphav: Prakta på Sharonsletta
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°09′N 34°53′E / 32.150°N 34.883°E / 32.150; 34.883
Areal 19,24 km²
Folketal 51 035  (2012)
Folketettleik 2 653 / km²
Grunnlagd 1964
 - Bystatus 1990
Borgarmeister Hai Adiv
Kart
Hod HaSharon
32°09′00″N 34°53′00″E / 32.15°N 34.883333333333°E / 32.15; 34.883333333333
Wikimedia Commons: Hod Hasharon

Hod HaSharon (hebraisk skrift הוֹד הַשָּׁרוֹן, tyder «Prakta på Sharon») er ein by i Det sentrale distriktet i Israel.

Byen fekk offisielt bystatus i 1990 og oppstod i 1964 då fire nabolandsbyar vart slått saman: Magdiel, Ramatayim, Hadar og Ramat Hadar.[1] Byen dekkjer offisielt eit landareal på 19,2 kvadratkilometer,[2] og i følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen i desember 2012 eit folketal på 51 035.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Four Seasons-parken
Magdiel sentrale synagoge
Magdiel-hagen

Hod HaSharon vart skipa i 1964 då busetjingane Magdiel, Ramatayim, Hadar og Ramat Hadar vart slått saman. Hod Hasharon vart styrt som ein lokal kommune fram til han fekk bystatus i 1990.[4]

Magdiel[endre | endre wikiteksten]

Magdiel vart grunnlagd den 2. august 1924 av ei gruppe 12 askenasiske jødar.[4]

Ramatayim[endre | endre wikiteksten]

Atidim park
Sharonim mall

Ramatayim vart grunnlagd i 1925 av emigrantar frå Polen.[1] Ramatayim vart bygd på to åsar med ein dal mellom, derfor namnet Ramatayim, som tyder 'to åsar'.[4] Ramatayim er i dag sentrum i Hod HaSharon.

Hadar[endre | endre wikiteksten]

Hadar vart grunnlagd i 1927 av mellomklasseemigrantar frå Aust-Europa, som kort tid etter fekk selskap av ei gruppe italienske jødar.[1] Landområdet vart kjøpt frå Abou Kishk beduinstamme. Pionerane ønskte å byggje ein landleg busetnad basert på sitrusavlingar (namnet «Hadar» er det hebraiske ordet for «sitrus»). Dei første åra dreiv bøndene i Hadar òg med fjørkredrift. Tidleg i 1940-åra, flytta jemenittiske emigrantar til Hadar og oppretta nabolaget Shikun Hateymanim, som i dag er ein del av bydelen Gannei Tzvi.[4] I 1951 vart Ramatayim og Hadar slått saman til Hadar Ramatayim.[1]

Ramat Hadar[endre | endre wikiteksten]

Ramat Hadar vart grunnlagd i desember 1938 av emigrantar frå Nazi-Tyskland, medlemmar frå den femte Aliyah.[1] Ramat Hadar vart bygd på ein ås mellom Kfar Hadar, Ramatayim og hovudvegen frå Petah Tikva til Ramatayim. Næringa i Ramat Hadar var basert på mindre gardar, hovudsakleg fjørkredrift.[4] og sitruslundar. Ramat Hadar hadde sitt eige postkontor mellom 1959 og 1989.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hod HaSharon ligg på Sharonsletta, som er ein del av Den israelske kystsletta. Byen ligg kring 10 km aust for middelhavskysten, sør for Kfar Saba, søraust for Raanana, og nordaust for Ramat HaSharon. Byen ligg kring 8 km vest for Vestbreidda og 8 km nordaust for Tel Aviv.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I følgje CBS var den etniske samansetnaden i byen i 2006 99,9 % jødiske og andre ikkje-arabarar, utan større arabisk folkesetnad.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I følgje CBS er det 18 skular og 8 083 elevar i byenn.

Mosenson ungdomslandsby tar i mot både israelarar og utanlandske elevar.[5]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Hod HaSharon er venskapsby med:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Encyclopedia Judaica, Keter Publishing House, Jerusalem, 1972, Vol. 8, s. 802, «Hod Ha-Sharon"
  2. «Local Authorities in Israel 2011, Publication #1315 - Municipality Profiles - Hod HaSharon» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011.  (he)
  3. «CBS Population by City (2012)». Israelsk statistisk sentralbyrå. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Identiy Card». Arkivert frå originalen 7. februar 2009. Henta 7. april 2008. 
  5. Mosenson ungdomslandsby[daud lenkje]