Hof kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kommunevåpenet til Hof
Hof kommune på kart over Vestfold

Hof er ein tidlegare innlandskommune nord i Vestfold fylke. I den tidlegare kommunen ligg Hof sentrum, Sundbyfoss og Eidsfoss, kjend for det nedlagte jarnverket Eidsfos Jernverk. Kommunen omfatta den sørlege delen av den store innsjøen Eikeren (19 moh.) med vassdraget ovenfor til Hillestadvannet (37 moh.), i tillegg til dei skogkledde åsane på begge sider. Desse når sørvest for Eikeren Vestfjellet, som er det høgste punktet i Vestfolds på 634,04 moh. «Vassvegen» med vatna Hillestadvannet, Haugestadvannet, Bergsvannet og Eikeren har vore eit gammalt fløytingsvassdrag. Av arealet kommunen utgjorde på 164 km², er 129 km² skogsareal, 15 km² jordbruksareal og 15 km² vasspegel.

Kommunevåpenet blei godkjent i 1992 og har tre gull sjøblad, 2 over 1, mot ein raud bakgrunn. Våpenet symboliserer vassliljene som finst i dei mange vatna i den tidlegare kommunen.

Hof kommune blei slått saman med Holmestrand kommune 1. januar 2018.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Fylkesveg 35 (GardermoenHønefossTønsberg) går langs Eikeren på austsida og vassdraget sørover. Fylkesveg 32 (HillestadHvittingfossSkien) kryssar Fylkesveg 35 i Sundbyfoss. Frå Åskrysset på Europaveg 18 går Fylkesveg 32 til Sundbyfoss. Elles går fylkesvegar sørover via tettstaden Andebu til Tønsberg (Fylkesveg 312) og nordaustover til Sande (Fylkesveg 319). Fylkesveg 35 sørover og fylkesvegane 32/315 følgjer delvis traseane til dei smalspora jarnbanene Tønsberg–Eidsfoss og Holmestrand–Hvittingfoss, som blei lagt ned i 1938.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]