Hoffselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hoffselva på Skøyen. Ho renn i tunnel under gater, jarnbane og europaveg 18 på sin veg mot sjøen i Bestumkilen
Foto: Jan-Tore Egge
Øvre Smestaddam
Norsk postkort som syner isskjering ikring 1910
Foto: Nasjonalbibliotekets biletsamling

Hoffselva er ei elv som renn gjennom stroka Hoff og Skøyen i Oslo, med utløp inst i Bestumkilen.

Elva renn gjennom tettbygd område, og er lukka på ei lang strekning gjennom Skøyen. Ho samlar vatn frå dei tre bekkene Makrellbekken, Styggedalsbekken og Skådalsbekken, som alle har sine utspring i områda ovanfor Holmenkollen og Voksenkollen i Nordmarka. Styggedalsbekken kjem frå Øversetertjern på Tryvasshøgda, og Skådalsbekken frå Frønsvollsmyrene. Dei går saman til Holmenbekken om lag 500 meter nord for Holmendammen, som er ein av fleire kunstig oppdemma dammar i vassdraget, dei andre er Hoffdammen og Smestaddammene. Hoffselva er namnet på elva frå Dronningfossen nedanfor Nedre Smestaddam og nedover til utløpet i sjøen. Makrellbekken renn ut i Hoffselva nedanfor Dronningfossen, litt ovanfor Hoff Gård.

Dronningfossen har namn etter dronning Sofie (1836–1913) av Noreg og Sverige, hustrua til kong Oscar II. Namnet på Makrellbekken, som møter Hoffselva litt nedanfor Dronningfossen, har ikkje noko med fisken makrell å gjere, men syner til at bekken har vore nytta som eit «markskilje», ei eigedomsgrense mellom fleire gardar.

Dei kunstig oppdemma dammane i vassdraget høyrde til storgardane i området. Holmendammen frå 1907 høyrde til Vestre Holmen gård, Hoffsdammen høyrde til Hoff gård, Smestaddammane høyrde til Smestad gård, den øvste er frå 1899 og den nedste frå 1886. Dammane vart nytta som isdammar til skjering av isblokker som vart lagra til våren og sommaren for avkjøling av mat- og drikkevarar. Isen på dammen vart saga i lange remser i ein meters breidd, og deretter delt opp i firkanta blokker på 1 x 1 meter. Blokkene vart pakka inn i sagflis i lagerhus, ishus, slik at dei ikkje smelta i sommarvarmen. For å kjøle mat og mjølk, vart isblokka lagt i ei stor kasse av tre og matvarane stabla opp ikring isblokka. Det gjekk stort sett ei veke før isblokka var smelta og ei ny måtte skaffast frå ishusa.

Fossane i vassdraget har på 1800-talet truleg vore nytta til å drive sager og kverner. Hoffsdammen har vore ein mølledam. Men vassdraget har ikkje vore nytta til å drive maskineri i fabrikkar og liknande.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]