Hofmannøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Frans Josefs land

Hofmannøya (russisk Остров Гофмана - Ostrov Gofmana) er ei øy i Frans Josefs land i Russland.

Hofmannøya er 13 km lang og 5 km på det breiaste. Ho ligg 8,6 km aust for Rainerøya og har tre mindre øyar nordaust for seg.

I dag ligg det ein rullebane av snø på Hofmannøya.

Øya er kalla opp etter den russiske mineralogen og utforskaren frå Uralfjella, professor E.K. Hofmann (1801-1871).

Nordaust for Hofmannøya ligg ein 45 km brei kanal kalla Proliv Severo Vostotsjnij, og på andre sida ligg Belaja Zemlja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 81°17′N 60°13′E