Hoggestabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hoggstabbe.

Ein hoggestabbe er ein litt under ein meter høg bit av ein tjukk trestamme, som vert nytta til å setta vedkubbane på når dei vert kløyvde med øks. Hoggstabben vert ofte plassert i eit skott, som i gamle dagar ofte hadde jordgolv. Ein hoggstabbe bør helst vera av ein hard og seig tresort, slik at han ikkje vert så fort utsliten.

Når det var bryllaup i gamle dagar var det vanleg at hoggstabben vart boren inn i stova 2. dagen, der brudeparet vart plassert på han.[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stabbedans og leik Arkivert 2013-07-30 ved Wayback Machine., Den gamle garden - bryllaup. (vitja 9. april 2008)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]