Hognfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°44′01″N 15°34′13″E

Kvalsaukan bru over Hognfjorden

Hognfjorden er ein fjord i Sortlandsundet i Sortland kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 13 km nordaust- og seinare søraustover til Sørfjord i botn av Sørfjorden.

Fjorden har innløp mellom bygda Maurnes i nord og Kringelneset i sør. Tettstaden Liland ligg like aust for Maurnes. Litt sør for Liland smalnar fjorden inn og her kryssar Riksveg 82 fjorden via den 425 meter lange Kvalsaukan bru. Frå her og innover i fjorden er det stort sett på nordsida at ein finn busetnader. Hognfjord er ei bygd om lag halvvegs mellom Kvalsaukan og innløpet til Sørfjorden og lengst aust i fjorden ligg bygda Eidebukta. Frå Eidebukta går Sørfjorden 6 km søraustover.

Fv959 går langs nordsida av fjorden frå Kalvsaukan og innover.