Hopp til innhald

Hogstmaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Timmerjack 1070D hogstmaskin.

Hogstmaskin er ei skogsmaskin som fell, kvistar og kappar trea. Maskinane er utstyrte med ei lang ledda arm, ikkje så ulik ei tømmerkran, med eit felle- og kappeaggregat i enden. Aggregatet grip rundt stammen og kappar han av ved rota og legg han ned på marka. Framføringsrullar i aggregatet matar så stammen gjennom aggregatet, som skjer av kvisten ved hjelp av knivar som ligg innåt stammen. Dette er kostbare ,askinar, så for mindre skogeigarar svarar det seg ofte å leia ein entreprenør for å avverka skogen.

Programmerbar styreeining

[endre | endre wikiteksten]

Aggregatet har sensorar som måler tjukkelsen og lengda på stammen. Denne informasjonen vert overført til ei digital styreeining, som er programmert til å rekna ut kvar stammen bør kappast for å utnytta han så godt som mogleg. Styreeininga informerer så kappeaggregatet om kvar stammane skal kappast. Informasjon blir lagra i eininga, som genererer ein rapport som gjev skogeigar ei oversikt over avverkinga.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]