Hol i Tjeldsund

Koordinatar: 68°32′55″N 16°23′31.7″E / 68.54861°N 16.392139°E / 68.54861; 16.392139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hol er ei bygd nordaust på Tjeldøya i Troms. Staden var tidlegare administrasjonssenter i Tjeldsund kommune.

Bygda ligg sentralt mellom dei to største tettstadene i kommunen, Ramsund på fastlandet og KongsvikHinnøya. Kommunen er den største arbeidsgjevaren på Hol, i bygda er det elles landbruksdrift og nokre private firma. Tjeldsund kyrkje frå 1863 ligg på Hol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

68°32′55″N 16°23′31.7″E / 68.54861°N 16.392139°E / 68.54861; 16.392139