Hol prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°36′59″N 88°17′30″E / 60.61637°N 88.29172°E / 60.61637; 88.29172

Foto: Ina Backer/Riksantikvaren

Hol prestegard vart kjøpt inn som prestegard i 1874. Det dreier seg om Nerålshaugen, nord for Holsfjorden og eit stykkje nordvest for Hol gamle kyrkje. På garden står tre freda bygg: hovudbygning, bur og loft. Hovudbygningen vart kjøpt i Ål i 1852 og flytta til Hol i 1875. Buret er frå 1692, og loftet vart plassert på tunet i 1838. Hovudbygningen er eit halvannan etasjes laftebygg med saltak. Stilen er sveitser.

Det budde framleis prest på prestegarden i 2015.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK – Prestene blir ikke kastet ut (12. mars 2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]