Holagjelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Holagjelet er eit juv i Holaelva på nordsida av Gullfjellet i Arna aust i Bergen.[1][2] Juvet går frå Gullfjellet og ned til Herland i Arna der elva renn ut i Sørfjorden Herlandsvegen og E16 Hardangervegen krysser juvet på høvesvis gamle og nye Holagjel bru.[3]

I juvet stod inntil 2010 eit kvernhus frå 1781 og i tillegg restar frå eit anna kvernhus. Arna sogelag har restaurert kvernhuset og sett det opp i Ådnatun museum i Indre Arna.[4] [5][5] Namnet vart vedteke av Statens kartverk 6. september 1995.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Holaelva». Kartverket. Henta 14. februar 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Holagjelet». Kartverket. Henta 14. februar 2015. 
  3. «NOR 011-2013 Opprusting Herlandsvegen bro». Mercell. Henta 14. februar 2015. 
  4. https://docplayer.me/6395896-Hordaland-fylkeskommune-tilskot-til-vern-og-voling-2010.html
  5. 5,0 5,1 «Kvernknurren i Holagjelet». Bergens Tidende. 23. januar 2008. Henta 10. februar 2023.